tirsdag 14. januar 2014

DET ER I 2014 DET SKAL SKJE!!

Ser attende på 2013 og det er definitivt litt kronglete å få dette husprosjektet i gang, men me satsar på at det er i 2014 det skal skje!

torsdag 9. mai 2013

Nye teikningar frå Tinde


Me er i samtale med Tinde, som kom med eit forslag til oss like før helga. DETTE byrjar å likne på noko som passar oss, yes yes yes :o).

onsdag 1. mai 2013

Vår på tomta

Me er innom tomta etter ein lang vinter utan så mykje progresjon eller besøk bortom. Der dukkar det opp diverse vårteikn under snøen. Me kan jo sjå på det som positive teikn på at no er me i gang igjen!




Og så lunsj i hundremeterskogen!

onsdag 24. april 2013

...og i tenkjeboksen vart me ståande ei stund

For møtet med vår nye selgjar i Nordbohus vart desverre ikkje slik me hadde håpa. Huset hadde ein heilt annan pris enn forventa og langt over vårt budsjett. Me fekk ikkje vite kva som gjorde det, anna enn at huset me hadde framføre oss på teikningane faktisk var så dyrt. Greit nok, men kva hadde skjedd sidan 1.730 før loftet kom inn i bildet og 2.700 etter loft? Mystisk...

Etter møtet og samtalar i påsken bestemde me oss for å sei takk og farvel til Nordbohus. Me likte ikkje dialogen mellom oss, eller den manglande informasjonen me følte me vart utsett for. Så plutseleg var me på opent marked igjen!

Neste trekk, ta kontakt med vår "gamle selgjar" i Nordbohus, som no jobbar hjå Tinde Hytter på Ringebu.

To be continued... me er positive. Me snur tommel ned til tommel opp!!



tirsdag 19. februar 2013

Nye teikningar er kome - no skal me i tenkjeboksen

DER var teikningane med heva tak (altså loft) ferdige. No skal me kike på dei, endre litt på enkelte ting (flytte ein vegg, utvide badet/ vaskerommet, be om større vindu) og kome fram til ein endeleg plan. Møte med Nordbohus i morgo for å planlegge interiøret. Deretter får me ein endeleg pris. Om det då visar seg å verte alt for dyrt, ja då å me starte me forfra igjen, nesten...