tirsdag 14. januar 2014

DET ER I 2014 DET SKAL SKJE!!

Ser attende på 2013 og det er definitivt litt kronglete å få dette husprosjektet i gang, men me satsar på at det er i 2014 det skal skje!

torsdag 9. mai 2013

Nye teikningar frå Tinde


Me er i samtale med Tinde, som kom med eit forslag til oss like før helga. DETTE byrjar å likne på noko som passar oss, yes yes yes :o).

onsdag 1. mai 2013

Vår på tomta

Me er innom tomta etter ein lang vinter utan så mykje progresjon eller besøk bortom. Der dukkar det opp diverse vårteikn under snøen. Me kan jo sjå på det som positive teikn på at no er me i gang igjen!




Og så lunsj i hundremeterskogen!

onsdag 24. april 2013

...og i tenkjeboksen vart me ståande ei stund

For møtet med vår nye selgjar i Nordbohus vart desverre ikkje slik me hadde håpa. Huset hadde ein heilt annan pris enn forventa og langt over vårt budsjett. Me fekk ikkje vite kva som gjorde det, anna enn at huset me hadde framføre oss på teikningane faktisk var så dyrt. Greit nok, men kva hadde skjedd sidan 1.730 før loftet kom inn i bildet og 2.700 etter loft? Mystisk...

Etter møtet og samtalar i påsken bestemde me oss for å sei takk og farvel til Nordbohus. Me likte ikkje dialogen mellom oss, eller den manglande informasjonen me følte me vart utsett for. Så plutseleg var me på opent marked igjen!

Neste trekk, ta kontakt med vår "gamle selgjar" i Nordbohus, som no jobbar hjå Tinde Hytter på Ringebu.

To be continued... me er positive. Me snur tommel ned til tommel opp!!



tirsdag 19. februar 2013

Nye teikningar er kome - no skal me i tenkjeboksen

DER var teikningane med heva tak (altså loft) ferdige. No skal me kike på dei, endre litt på enkelte ting (flytte ein vegg, utvide badet/ vaskerommet, be om større vindu) og kome fram til ein endeleg plan. Møte med Nordbohus i morgo for å planlegge interiøret. Deretter får me ein endeleg pris. Om det då visar seg å verte alt for dyrt, ja då å me starte me forfra igjen, nesten...



tirsdag 1. januar 2013

Teikne teikne, velkomen 2013!

Trond Morten er straks oppi 60 skisser med små og store justeringar på planløysingar og fasadar. NO er me kanskje veldig nære målet, håpar me. Fekk ein ny idé frå Nordbohus, om å auke takvinkelen frå 22 grader til 36, slik at me kan nytte loftet til ein halv etasje. Dette gjorde at me måtte omstille oss frå tidligare tankar, men jammen er det fristande å sjå føre seg dette ekstra arealet. Gjesterom, loftsstove, toalett og ikkje minst BODAREAL som me ikkje akkurat har prioritert i tidligare teikningar. Om prisen ikkje vippar desse planane av pinnen vil me gjerne gå for det. Det var status på årets første dag.





Los inspector Linn

Linn likar det ho ser, trur eg.... smiler i alle fall. Det var mørkt den kvelden, men utsikta er framleis slåande flott.... hehe! Linn kom med ein god ide til korleis me kan utnytte utearealet. Verkeleg bra, takkar for det!



søndag 23. desember 2012

GOD JUL med tre fra tomta

Vil ynskje alle ei GLEDELEG JUL og ei heidundrandes nyttårsfeiring!! I stova vår er det no kome inn eit lite fint grantre frå tomta vår. Neste år håpar me at juletreet står i ei ny stove i eit nytt hus. 



lørdag 8. desember 2012

Skissene fra Nordbohus er ferdige

Med 25-års erfaring som arkitekt skal me vere i trygge hender fekk me vite. Og slik ser det ut når våre skisser er teikna av ein profesjonell. 



Det er gjort nokre endringar frå våre eigne teikningar, naturleg nok. Men det er snakk om element som me likte så godt. Dei smale avlanga vindua er erstatta med standard vindu, matboden er borte og trappa tek veldig stor plass. I tillegg er huset innvendig vorte veldig lite, så me er litt lunkne akkurat no. 

søndag 28. oktober 2012

Los inspector "Mammo" på befaring

Vil du ha gratis juletre? Me har tomta full av små og store grantrer, det er berre å ta! Mammo er med på tomta og forelskar seg i eit av dei store grantrea. Har me plass i bilen tek me det ned til jul... etter nærare ettertanke har me truleg ikkje plass, men alle andre som vil ha grantre i stova er velkommen til juletrehogst i Teigvegen 11B. Anna og Leander finn eit pitte lite tre dei gjerne vil ha.








lørdag 27. oktober 2012

Me teiknar og me teiknar - småjusteringar

Det er helg og me må bruke tiden godt. Me vil helst kome oss vidare i prosessen og dei siste småjusteringane på "huset vårt" skal gjerast før me sender det til Nordbohus for vurdering. Helvik hus kom denne veka (omsider) med eit tilbod på "trend 360" (alternativ nr 2 lengre ned i bloggen) og det ligg laaaaangt over våre rammer, så neste veke skal me sei takk for følgjet så langt, men nei takk.

Fredag og roomsketcher

Fasaden pr. 26.10.12. Vår etasje øverst, garasje nede til høgre,
utleigedel nede til venstre. Her med ståande panel.
Over blir det saltak.

1. etg. Her skal me bu, på eit plan, får me plass til alt me vil ha frå
draumelista? Nei, men så godt som me kan få det og dette er me glade for.
I dag i alle fall.....

U. etg. Med garasje, vårt vaskerom og bod. Pluss utleigedel.


torsdag 18. oktober 2012

Loppisfunn

Eg kan nesten ikkje vente på å ta desse møblane inn i huset. Lampa var det mamma Ingunn som kom over då me var på bruktmarked på birkebeinerstadion, jippi!! Var det 200,- han skulle ha for det, hehe... Jatakk sa eg då. (PS: ein liten detalje, den virkar ikkje pr. dags dato, så den med elektrikarevner må gjerne prøve seg).

Sofa og stolar stod ukjøpt på det årlege store loppemarkedet i Håkons hall ein time etter opning, det var FLAKS, så då klinka eg til. Pris: 500,- Røvarkjøp!

Om det ikkje passar hjå oss går det med glede vidare til nestemann.




mandag 15. oktober 2012

No kan du kommentere

Har fått melding om at det visstnok ikkje gjekk an. No trur eg det skal gå

lørdag 13. oktober 2012

Vi er tomteeigarar på ordentleg!

Endeleg kunne me sprette champisen og kalle oss tomteeigarar, signerte kontrakt fredag 12. Kjennes veldig bra ut!! Hipp hurra :)

tirsdag 9. oktober 2012

Barnevakt + tur på restaurant = ferdig planteikning!

Eller.... me har etterkvart teikna mange variantar på planløysingar, men dette eksempelet kjennes veldig bra ut, som me landa på under desserten :o). Med fred og ro rundt seg i meir enn to timar kan ein kome langt. Kelneren kommenterte aktiviteten "ja dere tegner"... Ikkje koseprat og romantiske blikk her i gården nei. Det får me heller ta igjen i sofakroken i Teigvegen.



mandag 8. oktober 2012

"Hundremeterskogen", vår næraste nabo

Leander viser veg inn i "hundremeterskogen", den verna nabotomta som egnar seg perfekt til leik. Barnehagen er av og til her, difor er Leander på kjende trakter.







Haust i Teigvegen

Teigvegen


Tomta sett frå nabogrensa. Huset skal liggje midt i biletet,
omtrent over vegen (som skal bort)