Her er naboane våre, dei sender koselege brev til kommunen når det byrjar å verte for tett med trær i området. Ja det virkar då hyggjeleg
onsdag 26. september 2012
onsdag 12. september 2012
Thales front
Trond Morten er vorte skikkeleg god på programmet roomsketcher (takk for tips Svein Erik og Linda:), så det dukkar opp nye variantar av Thales nesten kvar dag.
Dette kan for eksempel bli fronten mot sørvest
Og dette kan bli fronten mot utgangen til terrasse
Dette kan for eksempel bli fronten mot sørvest
Og dette kan bli fronten mot utgangen til terrasse
Så dukkar denne opp - tredje huskandidat
Som ein motraksjon til det som virkar alt for dyrt og uoverkomeleg, går me attende i kataloghaugen med atter nye briller. Ja jammen har me hatt mange ulike par briller på oss i denne prosessen, først "draumebrillene", så "kule hus-brillene", så "funkishus på liten-tomt-brillene" vidare "fornuftsbrillene", vel, no er det "må snart ta ei avgjerdsle og finne eit hus som ikkje er for dyrt og som blir eit luftslott-brillene". Då dukkar dette huset opp, og eg klarar ikkje heilt å bla forbi det...
Thales frå Nordbohus
...fordi det er nokre spanande mogleikar her, for det første. Det er billig, for det andre og det liknar på dei andre husa som allereie eksisterar i området, for det tredje (kommunen elskar slikt). Næraste nabo har faktisk eit hus som kan samaliknast med dette.
Sjå føre dykk svarte veggar og kvite lister og STOOOORE vindauger mot utsikten.
Eg gjekk ein tur, hadde på meg "thalesbrillene" og knipsa desse bilda. Ikkje akkurat spanande og funky, men noko i denne gata. Rett og slett. Ja det liknar litt på huset eg har vakse opp i, huset i Kjørnessvingen 17. Og vil eg det...? Tja...

Utsikta og hagen i august
Dette skal me kvile blikket på seine haustkveldar og vakre somre framover. Kan godt like det ja :o)
Utsikta
Hagen (garasjen som står der skal bort)
Dei gode to små
torsdag 6. september 2012
Andre huskandidat - Marsala frå Boligpartner
Me må kike på fleire hus då Hellvik kanskje vert for stor for tomta og for kostbar. Difor går me over gata til Boligpartner. Dei har mange hustypar, alt frå gigantisk moderne firkanta klossar til kvite tradisjonelle og klassiske hus.
Marsala har eit spanande potensiale for oss tykkjer me. Om me delar u-etg i to, og lagar ein liten utleigedel, kan me nesten få det me vil. Altså tre soverom på eit plan nede til oss, pluss utleigedel med eit soverom. For å få til det må me riktignok byggje ut der det er terrasse nede. Oppe får me stove og kjøken, eit soverom som evt kan fungere som TV-stove, bod, bad. Det er mogeleg å utvide stova litt, for å få litt større flate der.
Fordelen er at prisen som står på prislista ikkje vert så langt frå sanninga då me ikkje skal byggje ein heilt ny etasje i tillegg, som med Hellvik. Det er riktignok lite, men med tiden kan me ta utleigedelen sjølv, lage ein "ungdomsdel".
Her eit bilde teke av dataskjermen med mobil, litt rart perspektiv og skeive veggar, men, men... De kan sjå stilen, som me også likar.

onsdag 5. september 2012
Det me ikkje fekk vite...
...var at under jorda, på nordsida av tomta, der ligg det eit privat VA-anlegg. Nokre røyr og to stakekummar.
Våre to naboar brukar dette og slik har det visst vore sidan 1980. Dette kan ein sei er positivt då me kan koble oss på, det er faktisk kapasitet til fleire hus på dette anlegget. Men det er også veldig negativt då det betyr at me får utruleg begrensa valgmogleik i forhold til plassering av huset. Det er ikkje lov å byggje over.
Me må enten plassere huset rett i utsikta til naboen bak og ha hagen vår på skuggesida og med to stakekummar (les: dritten til naboane) midt på plenen. Eller me kan flytte på røyr og kummar og gjere som me hadde tenkt frå byrjinga. Kostnaden med flytting, ja den kan bli dyr og rekninga vil ikkje me ta. Derrmed er diskusjonen i gang. Kva burde me undersøkt på førehand og kva er selgjar pliktig til å opplyse. det skal seiast at det var ein spesiell salgssituasjon, der papir ikkje var ferdig utvikla frå meglar si side, noko me godkjende. Men dette er tross alt noko me meinar selgjar uavhengig av salgspapir burde nemnt for oss.
MAKAN!!
To be continued...

Første huskandidat - Hellvik hus
Me kiker på Hellvik hus då me har fått gode anbefalingar frå nokre venner av oss som byggjer med Hellvik. Me er ganske begeistra for Trend 360. Det har faktisk alt. Spesielt godt likar me stove- kjøkenløysinga. Det er også deileg med fire soverom oppe, pluss TV-stove. Me må i tillegg leggje sokkel under, så huset vert på 2,5 etg.
Nokre utfordringar visar det seg å vere med å halde huset innanfor lovleg høgd, samt at det vert ganske dyrt. Me tør difor ikkje å bli for glade i dette huset. Minus med huset er skråtak på soverom. Alle som byggjer hus med låge(lave) tak i andre etasje angrar på det, er vårt inntrykk. Det er heller ikkje det første huset me hadde i tankane slik stilmessig. Lat oss avvente denne litt.... la det modne.
Ønskeliste
Dette er hva vi vil ha, om vi kan drømme :o)
- Tre soverom på samme etasje
- TV-stue
- Lekerom (kan kombineres med TV-stue)
- Adskilt spisekrok og stuedel
- Åpen løsning mellom kjøkken og spisekrok
- Spisekroken bø ha plass til mange gjester
- Store vinduer mot utsikten
- Uteplass mot sør
- Mulighet for å sitte ute i solen på kveldstid
- Kontor
- Gjesterom (kan kombineres med kontor)
- Vaskerom
- Sportsbod
- LYS
- Carport/garasje
Tomtefakta
KLIKK HER for link til kart: tomta ligg mellom huset som er avmerka og vegen under.
Tomta er liten, den er 614 kvm. Med ein reguleringsplan som seier at BYA`en ikkje kan vere større enn 25 % av totalen (altså, at fotavtrykket til huset og alle dei parkeringsplassane (kvar på 18 kvm) me er pålagde å ha), kan med andre ord huset ca ha ein BYA på 90-100 kvm. Me må også ha utleigedel, som krevjer sin plass. Begrensningar altså, begrensningar.
FAKTA:
Tomt: 614 kvm
BYA hus + parkering: 152,5 kvm
Grøntaeral: 460 kvm
Parkering: ca 63 kvm (3,5 stk. som er kravet)
Det betyr at "draumehuset" ikkje kan breie om seg og ta stor plass på tomta. Me vil også ta hensyn til huset bak og ikkje ruve i høgda.

Elle melle kva skal me velgje
Katalogbestilling må til, når ein skal ha kataloghus.... for det skal me, eller? Kva med ferdighus, eller modulhus eller hus som kjem på trailer og er ferdig på ein dag hus eller arkitekteikna hus? Kva er eigentleg forskjellen, fordelen, ulempene og alt det der? øj...
Los inspectors 1
BjedlaTorfinn
Tormod & Anita
BjedlaIngunn
Her er tomta i April 2012, første gruppe med "los inspectors" er på besøk. Utsikta er i alle fall fin tykkjer me og inspektørane er einige i det. BjedlaTorfinn, "los inspector major", meinar at dette er ei tomt som er enkel å få til, "so ditta ska gao bra veitde". Då stolar me på det og seier ...puh... :o). Tomta ligg omtrent der vegen går, som er den gamle adkomsten til huset tomta er skilt ut frå. Leander står på hushjørna der stova truleg skal kome.
Tomtekjøp
Me har kjøpt tomt!!!!!!!!!!!! HJELP :o) I det herrans år 2012, april, på Lillehammer, starten på ein ny æra, eit nytt liv, neste fase, for evig og alltid og litt oppover og nedover og Gud hjelpe oss så skummelt og spanande, på samma tid. Vel. Adressa er Teigvegen og me er fornøgde. No skal me berre få kontrakten i boks....
Abonner på:
Innlegg (Atom)

.jpg)