onsdag 5. september 2012

Tomtefakta

KLIKK HER for link til kart: tomta ligg mellom huset som er avmerka og vegen under.

Tomta er liten, den er 614 kvm. Med ein reguleringsplan som seier at BYA`en ikkje kan vere større enn 25 % av totalen (altså, at fotavtrykket til huset og alle dei parkeringsplassane (kvar på 18 kvm) me er pålagde å ha), kan med andre ord huset ca ha ein BYA på 90-100 kvm. Me må også ha utleigedel, som krevjer sin plass. Begrensningar altså, begrensningar.

FAKTA:
Tomt: 614 kvm
BYA hus + parkering: 152,5 kvm
Grøntaeral: 460 kvm
Parkering: ca 63 kvm (3,5 stk. som er kravet)

Det betyr at "draumehuset" ikkje kan breie om seg og ta stor plass på tomta. Me vil også ta hensyn til huset bak og ikkje ruve i høgda.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar