onsdag 12. september 2012

Så dukkar denne opp - tredje huskandidat

Som ein motraksjon til det som virkar alt for dyrt og uoverkomeleg, går me attende i kataloghaugen med atter nye briller. Ja jammen har me hatt mange ulike par briller på oss i denne prosessen, først "draumebrillene", så "kule hus-brillene", så "funkishus på liten-tomt-brillene" vidare "fornuftsbrillene", vel, no er det "må snart ta ei avgjerdsle og finne eit hus som ikkje er for dyrt og som blir eit luftslott-brillene". Då dukkar dette huset opp, og eg klarar ikkje heilt å bla forbi det...

Thales frå Nordbohus


...fordi det er nokre spanande mogleikar her, for det første. Det er billig, for det andre og det liknar på dei andre husa som allereie eksisterar i området, for det tredje (kommunen elskar slikt). Næraste nabo har faktisk eit hus som kan samaliknast med dette.

Sjå føre dykk svarte veggar og kvite lister og STOOOORE vindauger mot utsikten.

Eg gjekk ein tur, hadde på meg "thalesbrillene" og knipsa desse bilda. Ikkje akkurat spanande og funky, men noko i denne gata. Rett og slett. Ja det liknar litt på huset eg har vakse opp i, huset i Kjørnessvingen 17. Og vil eg det...? Tja...



2 kommentarer:

  1. Kjørnessvingen 17 vil vel alle vekse opp i Mariann? :-) good times!!

    SvarSlett
  2. Ja me hadde mykje moro o Kjørnessvingen saman Cathrin :o)

    SvarSlett