For møtet med vår nye selgjar i Nordbohus vart desverre ikkje slik me hadde håpa. Huset hadde ein heilt annan pris enn forventa og langt over vårt budsjett. Me fekk ikkje vite kva som gjorde det, anna enn at huset me hadde framføre oss på teikningane faktisk var så dyrt. Greit nok, men kva hadde skjedd sidan 1.730 før loftet kom inn i bildet og 2.700 etter loft? Mystisk...
Etter møtet og samtalar i påsken bestemde me oss for å sei takk og farvel til Nordbohus. Me likte ikkje dialogen mellom oss, eller den manglande informasjonen me følte me vart utsett for. Så plutseleg var me på opent marked igjen!
Neste trekk, ta kontakt med vår "gamle selgjar" i Nordbohus, som no jobbar hjå Tinde Hytter på Ringebu.
To be continued... me er positive. Me snur tommel ned til tommel opp!!
onsdag 24. april 2013
tirsdag 19. februar 2013
Nye teikningar er kome - no skal me i tenkjeboksen
DER var teikningane med heva tak (altså loft) ferdige. No skal me kike på dei, endre litt på enkelte ting (flytte ein vegg, utvide badet/ vaskerommet, be om større vindu) og kome fram til ein endeleg plan. Møte med Nordbohus i morgo for å planlegge interiøret. Deretter får me ein endeleg pris. Om det då visar seg å verte alt for dyrt, ja då å me starte me forfra igjen, nesten...
onsdag 23. januar 2013
tirsdag 1. januar 2013
Teikne teikne, velkomen 2013!
Trond Morten er straks oppi 60 skisser med små og store justeringar på planløysingar og fasadar. NO er me kanskje veldig nære målet, håpar me. Fekk ein ny idé frå Nordbohus, om å auke takvinkelen frå 22 grader til 36, slik at me kan nytte loftet til ein halv etasje. Dette gjorde at me måtte omstille oss frå tidligare tankar, men jammen er det fristande å sjå føre seg dette ekstra arealet. Gjesterom, loftsstove, toalett og ikkje minst BODAREAL som me ikkje akkurat har prioritert i tidligare teikningar. Om prisen ikkje vippar desse planane av pinnen vil me gjerne gå for det. Det var status på årets første dag.
Los inspector Linn
Linn likar det ho ser, trur eg.... smiler i alle fall. Det var mørkt den kvelden, men utsikta er framleis slåande flott.... hehe! Linn kom med ein god ide til korleis me kan utnytte utearealet. Verkeleg bra, takkar for det!
søndag 23. desember 2012
GOD JUL med tre fra tomta
Vil ynskje alle ei GLEDELEG JUL og ei heidundrandes nyttårsfeiring!! I stova vår er det no kome inn eit lite fint grantre frå tomta vår. Neste år håpar me at juletreet står i ei ny stove i eit nytt hus.
lørdag 8. desember 2012
Skissene fra Nordbohus er ferdige
Med 25-års erfaring som arkitekt skal me vere i trygge hender fekk me vite. Og slik ser det ut når våre skisser er teikna av ein profesjonell.
Det er gjort nokre endringar frå våre eigne teikningar, naturleg nok. Men det er snakk om element som me likte så godt. Dei smale avlanga vindua er erstatta med standard vindu, matboden er borte og trappa tek veldig stor plass. I tillegg er huset innvendig vorte veldig lite, så me er litt lunkne akkurat no.
Abonner på:
Innlegg (Atom)












