søndag 28. oktober 2012
Los inspector "Mammo" på befaring
Vil du ha gratis juletre? Me har tomta full av små og store grantrer, det er berre å ta! Mammo er med på tomta og forelskar seg i eit av dei store grantrea. Har me plass i bilen tek me det ned til jul... etter nærare ettertanke har me truleg ikkje plass, men alle andre som vil ha grantre i stova er velkommen til juletrehogst i Teigvegen 11B. Anna og Leander finn eit pitte lite tre dei gjerne vil ha.
lørdag 27. oktober 2012
Me teiknar og me teiknar - småjusteringar
Det er helg og me må bruke tiden godt. Me vil helst kome oss vidare i prosessen og dei siste småjusteringane på "huset vårt" skal gjerast før me sender det til Nordbohus for vurdering. Helvik hus kom denne veka (omsider) med eit tilbod på "trend 360" (alternativ nr 2 lengre ned i bloggen) og det ligg laaaaangt over våre rammer, så neste veke skal me sei takk for følgjet så langt, men nei takk.
Fredag og roomsketcher
Fasaden pr. 26.10.12. Vår etasje øverst, garasje nede til høgre,
utleigedel nede til venstre. Her med ståande panel.
Over blir det saltak.
1. etg. Her skal me bu, på eit plan, får me plass til alt me vil ha frå
draumelista? Nei, men så godt som me kan få det og dette er me glade for.
I dag i alle fall.....
U. etg. Med garasje, vårt vaskerom og bod. Pluss utleigedel.
torsdag 18. oktober 2012
Loppisfunn
Eg kan nesten ikkje vente på å ta desse møblane inn i huset. Lampa var det mamma Ingunn som kom over då me var på bruktmarked på birkebeinerstadion, jippi!! Var det 200,- han skulle ha for det, hehe... Jatakk sa eg då. (PS: ein liten detalje, den virkar ikkje pr. dags dato, så den med elektrikarevner må gjerne prøve seg).
Sofa og stolar stod ukjøpt på det årlege store loppemarkedet i Håkons hall ein time etter opning, det var FLAKS, så då klinka eg til. Pris: 500,- Røvarkjøp!
Om det ikkje passar hjå oss går det med glede vidare til nestemann.
Sofa og stolar stod ukjøpt på det årlege store loppemarkedet i Håkons hall ein time etter opning, det var FLAKS, så då klinka eg til. Pris: 500,- Røvarkjøp!
Om det ikkje passar hjå oss går det med glede vidare til nestemann.
onsdag 17. oktober 2012
mandag 15. oktober 2012
lørdag 13. oktober 2012
Vi er tomteeigarar på ordentleg!
Endeleg kunne me sprette champisen og kalle oss tomteeigarar, signerte kontrakt fredag 12. Kjennes veldig bra ut!! Hipp hurra :)
tirsdag 9. oktober 2012
Barnevakt + tur på restaurant = ferdig planteikning!
Eller.... me har etterkvart teikna mange variantar på planløysingar, men dette eksempelet kjennes veldig bra ut, som me landa på under desserten :o). Med fred og ro rundt seg i meir enn to timar kan ein kome langt. Kelneren kommenterte aktiviteten "ja dere tegner"... Ikkje koseprat og romantiske blikk her i gården nei. Det får me heller ta igjen i sofakroken i Teigvegen.
Abonner på:
Innlegg (Atom)




















