...var at under jorda, på nordsida av tomta, der ligg det eit privat VA-anlegg. Nokre røyr og to stakekummar.
Våre to naboar brukar dette og slik har det visst vore sidan 1980. Dette kan ein sei er positivt då me kan koble oss på, det er faktisk kapasitet til fleire hus på dette anlegget. Men det er også veldig negativt då det betyr at me får utruleg begrensa valgmogleik i forhold til plassering av huset. Det er ikkje lov å byggje over.
Me må enten plassere huset rett i utsikta til naboen bak og ha hagen vår på skuggesida og med to stakekummar (les: dritten til naboane) midt på plenen. Eller me kan flytte på røyr og kummar og gjere som me hadde tenkt frå byrjinga. Kostnaden med flytting, ja den kan bli dyr og rekninga vil ikkje me ta. Derrmed er diskusjonen i gang. Kva burde me undersøkt på førehand og kva er selgjar pliktig til å opplyse. det skal seiast at det var ein spesiell salgssituasjon, der papir ikkje var ferdig utvikla frå meglar si side, noko me godkjende. Men dette er tross alt noko me meinar selgjar uavhengig av salgspapir burde nemnt for oss.
MAKAN!!
To be continued...

Å herregud!! Håpar dette ordnar seg til det beste for dikka!
SvarSlett